Hyllingssong ved sesongslutt 27.3.2002 til Egil og Ann-Elen, Raphael og Liv Grete  

(Mel.: Ruhpolding-songen – ”Sjera madre”)

Hjart’leg takk for OL-innsatsen

Egil, Raphael, Liv og Ann-Elen!

 Takk for slitet! Takk for gleda!

No vil me for dåke kveda:

 

(Mel.: Å mannen ville frå nissen flytta)

På Skjelbreid bur da eit stilig par

Som nyleg ein tur bort’ i OL var

Gull til Egil, sølv til Ann-Elen

:/: - og fyrste juni blir da gull igjen!:/:

 

Raphael du òg er ein av våre

Da er ’kje fritt at me fell’ ei tåre:

OL-sølv og VM-gull,

:/:i verdscupen der tok du potten full!:/:

 

Liv Grete klinka til nåke gru’leg

Sesongen har vore heilt utruleg:

To sølv i OL og seks verdscup-gull

:/:- og bilar har de vel garasjen full?:/:

 

Inspirasjon gjev de til dei unge

De spreier glede i dagar tunge

Me sit i stova og berre stira’

:/: og er so stolte av dåke fira! :/:

 

Hipp, hipp, hurra for jentena

Frå Hålandsdalen og frå Fusa

No e’ da OL-fest her heima

Og me er kjempestolt og gla’